Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

torsdag 25. november 2010

Latter

Hehe gløymde å legge ved desse morsomme barnesitata:)
Når eg las dei skrattlo eg så tårene trilla :)
Pappa grynta bak avisa og lurte på ka som feila meg - der eg satt åleine - så då ringte eg til Katrine og leste dei opp - så kunne vi skrattle så tårene trilla ilag :)
Hadde til tider problem med å få fram orda mellom latteren - når pappa overdøvde meg med nyheitene på TVen tok vi hintet og sa oss fornøgd med morro for i kveld :)

KOS DIKKA:)

Vinterdraumar



Det er friskt, det er kaldt, det er kvite snøkledde fjell.
Det blinkar på bakken av frosne snøkrystallar.
Det er stjerneklart og måneskinn.
Eller noken magiske minutt med sol midt på dagen.
Det er klart!
Det er vinter - og eg elskar det! :)

tirsdag 16. november 2010

DORIS


Med fare for å virke ..... eh meir rar enn du trudde eg var....
eg er nok ein smule rar og, men mest av alt veldig glad i grisen Doris :) 

Takk for alt du sa, Doris
Takk for alt du ga, Doris
Takk for alle gledan vi har hatt med deg
Norge gråter no, Doris
Det må du forstå Doris
Vi vil aldri gløyme
Vi vil aldri gløyme deg


søndag 7. november 2010

Stemning :)



Ein sånn husleg herleg laurdagskveldstemning :)
Levande lys, åpen peis med masse god bjørkeved (eg har hogge sjøl:), 
slobrok, SOFA!!!!!, TV!! Og kake! :)Te og solobrus:)
Kan det bli bedre??? 
Og verkeleg kjenne at kroppen bearbeidar dei støle musklane! 
Synke i hop i den pent brukte sofaen :) 

tirsdag 2. november 2010

Eg ser lyset :)

No får eg være fornøgd med årets negative runddans :) 
Eg ser lyset i enden av tunellen!!! :) 
Tja det er jo ikkje slik at plutseleg er alle utfordringar fordufta - men eg har no løyst eit problem - så då kjem dei andre trillande etter tenkjer eg :) 
Hehe JAUDÅ tilbake til overpositiv :)