Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

fredag 23. mars 2012

Vårsprell i Balestrand - bonderomantikk i ny vri

Her er resultatet etter 7 dagar med hjarteleg mottagelse av media til Vetlefjorden, Sværefjorden og Balestrand:)

så ventar me enda spent på VG oppslag:)
FørKveld

Både God morgen Norge på TV2 og Morgennytt på NRK viste fram
VG oppslaget vårt og fortalte at Balestrand er plassen å flytte til :) 



Det hadde aldri kunne vorte noke av hadde det ikkje vore for Mariann og Linda Beate som ivrige og flinke pådrivarar bak i kulissane:) Kreative inspiratorar og spelar andre tøffe når dei ikkje kan være med sjøl:) (de må jo flytte heim snart, så får de vore med på alt spetakkelet:)

Og ikkje minst Susanne som har vore med på kvart einaste møte med desse store kamera og mikrofonane:) Ho har bidrege med tilstedeværelse og støtte og nerver og energi og gått mot kamera med fantastisk styrke:)

Og alle andre som stilte opp på desse skumle foto og filmoppdraga! Det hadde vorte stusselig uten dikka! De tilførde bildene og TVbildene vakre motiv og liv og røre:=)
Det er uvurderlige bidrag for bygda!

Og for ikkje å gløyme alle heiarane, med Britt som skjefsduskedame:)
Har fått så mange motiverande samtalar, meldingar og pådrivande tilbakemeldingar og "likes" som tilsaman vert Dagmar i styrke - det trengs for å hente fram tøffasen, hive hemningar og stå på for å ta i mot avisene og TV og bruke seg sjølv for å gje bygda og kommuen vår ei "kom til oss stemme" :)

Det er ikkje den som står framfor kamera å fjaser som er flinkast - det er heimagjengen bak:)

Og så ein ekstra takk til spreke besta:) På kort varsel vert ho oppringt;
 "Besta kan ikkje du komme, berre for å nett være med - så vert det ikkje så skummelt"
Og istadenfor usynlig heiagjeng i bakgrunnen endar ho midt i linsa, og tek det på strak arm:)

 STOR TAKK TIL ALLE SOM HAR DELTEKE PÅ DENNA KJEKKE DUGNADEN!!! :)

Og tilslutt takk til Eirik Thue frå Sogn Avis som sparka ballen i gang! :)
Og Wilhelm Støylen frå NRK Sogn og Fjordane som overaska oss(meg) med mykje kreativitet
Og VG som køyrde heilt i frå Bergen for å treffe oss damene Balestrand:)

3 kommentarer:

  1. Kjempefin side og mykje intr. og artig lesnad :=)
    So heldige me e som har deg som medbygding, Renate :=)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Britt:) Eg er heldig å bu i den perfekte bygda med dei perfekte sambygdningane:)

      Slett