Her kan du lese om alt det rare (og av og til fornuftige) som skjer på Rendedal Gard. Her kan du få med deg alt i frå daglege rutinar,
artige dyrehistoriar - triste og glade nyheiter. Kanskje det kan bli ei dagbokside med alle stega mot ein gard i full drift :)

Legg gjerne att ein kommentar det er alltid kjekt!!

torsdag 29. november 2012

Hausthelsing

Himmel og hav så mange besøkande eg har hatt sidan sist eg var her:)
Kanskje på tide å ta hintet og fortsette å skrive :)

Og når eg ser på facebook-profilen min, så er det all grunn til å ta opp igjen skrivinga her.
Bloggen vart igrunn oppretta for at eg skulle bable uhemma - uten å være plagsom facebookvenn hehe.

Og i dag var egentlig ein god dag å sette seg ned å skrive litt, skikkelig dillete og kjem ikkje igang med wondereoman-rytmen:) Har igrunn teke helg - litt tidlig:)
Fordelen med å ta seg ein helgedag midt i veka er at ein er full i futt når helga kjem:)

På tross av at fjøsen liksom er vinterdvale - så er det livleg og blomstrande innom veggene.
Sauene har brunsttid no, så væren får endeleg gjere "jobben" sin:)
No jobbar me hardt for neste års inntekter i form av lammeslakt.
Væren Leif Magne er ein godt vaksen kar som veit ka han driv med - til vanleg har ein gjerne væren i 2 år før han vert slakta. Han Leif Magne har eg kjøpt hjå ein nabo som hadde han i 2 år før, så han her er priviligert å få være ein 4 år gammal vær:)
Eg tek den enkle varianten i parringa, slepper væren laus i bingane og let han styre seg sjølv - nokre leier væren rundt i band så dei har full kontroll på når sauene er blitt parra - og gjerne med ulike værer i besetninga for avlen sin del. Me har så få sauer at foreløbig får det bli ein pappa i besetninga:)
Med 3 bingar som han roterer i mellom berre flytter eg han, og så erfaren er han at om det ikkje er sauer som er klar i bingen - så vil han ikkje inn - enkelt og greit:) Og han gir beskjed når han er klar for neste binge:)

Verre med "Streken" som eg kaller den yngste nyaste væren. Svart liten tass som enda ikkje har sjønt at eg er snill og grei, og hjelper han til over til nye damer:)
Han er av rasen spæl - parrar alle saulamma - dei som var lam i vår. I håp om lette gode lammingar, og livskraftige lam - sidan mødrene fortsatt er litt unge:)

Nei sjå der ja, no har eg fått ned ei heil side alt - og det berre om vær og sau:)
Detta var morro:)
Får gi meg mens leiken er god - har ei lang "to do" liste:)
(godt den berre er notert i topplokket - lett å omrokkere den då)

Ha ei strålande goe helg folkens! Det skal veffal eg ha har eg tenkt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar